Skip to main content

Nyheitsinnsamlar

Tar i mot pasientar igjen

NRK Østafjells - ons, 26/06/2019 - 09:58
Notodden sjukehus tar imot nye pasientar igjen. Nå er det sett i verk manuelle rutinar som sikrar prøvetaking og analysesvar på Notodden, og aktiviteten går som normalt. Sjukehuset stoppa mottak av nye pasientar i går kveld på grunn av ein teknisk feil på eit analyseapparat.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Linda Eide får Storegutprisen

NRK Østafjells - ons, 26/06/2019 - 09:07
Journalist, programleiar og forfattar Linda Eide får Storegutprisen 2019 for å formidla kunnskap om språk med integritet og ein solid dose humor. Prisen blir delt ut på Litteraturdagane i Vinje den 24. august.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Dobling i salet av sydenturar

NRK Østafjells - ons, 26/06/2019 - 08:17
Det er ein enorm pågang etter pakketurar til Syden nå. Dei store turoperatørane Ving, Apollo og TUI melder om ei dobling i salet av sydenturar i forhold til same periode i fjor. Mange trur at sommaren kanskje ikkje blir like bra som dei forventa.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Toga køyrer igjen på Bratsbergbanen

NRK Østafjells - ons, 26/06/2019 - 06:14
Togstrekninga mellom Skien og Porsgrunn er opna igjen. Banen har vore stengt for togtrafikk etter at ein lastebil køyrde ned ei høgspentleidning i Borgestadbakken i går.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Senterpartiet gjer det bra i Vinje

NRK Østafjells - ons, 26/06/2019 - 06:02
Senterpartiet ligg an til eit rekordbra val i Vinje, med ein framgang på 8,6 prosentpoeng og ei oppslutning på 47,4 prosent. Arbeidarpartiet mister over halvparten av veljarane, og får ei oppslutning på 12 prosent. Det viser ei meiningsmåling som Sentio har utført for NRK og TA.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Konsert i Åmdals Verk gruver

NRK Østafjells - ons, 26/06/2019 - 05:57
Eit fullsett konsertlokale 300 meter inn i fjellet skapte ei trolsk stemning og ein fantastisk akustikk i Åmdals Verk gruver sankthansaftan. Dei vel 80 frammøtte var fornøgd med det dei fire lokale artistane Halvor Rui, Lina Haugholmen, Tor-Helge Midtbø og Arne By levera.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Fartskontroll i 30-sone

NRK Østafjells - ons, 26/06/2019 - 05:55
Politiet har gjennomført ein laserkontroll i ei 30-sone langs Lienveien på Notodden i går kveld. Det blei gitt to forenkla førelegg for stor fart. Høgste målte farten var 46 km/t.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Vald mot kona si på 17. mai

NRK Østafjells - ons, 26/06/2019 - 05:55
Ein mann i 50-åra er pågripen av politiet for vald mot kona si på Kjørbekk i Skien. Forholdet skjedde den 17. mai, men den fornærma valde først å snakke med politiet nå.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Se Østafjells:

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 20:41
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Se Østafjells:

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 19:16
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Tar ikke imot nye pasienter

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 19:11
En feil i et analyseinstrument skaper problemer ved Notodden sykehus. Alle nye pasienter blir nå sendt til sykehuset i Skien. Feilen gjør at det ikke er mulig å analysere nødvendige prøver på laboratoriet. Sykehuset Telemark jobber med å løse problemet, men det er trolig ikke mulig før senere i uka.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Kranglet om hundepass

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 18:12
En mann 30-årene ble slått med et balltre på en privatadresse i Brevik i Porsgrunn i ettermiddag. En mann i 20-årene er pågrepet av politiet. Slagene med balltre skjedde etter en krangel om hundepass. Mannen i 30-årene ble ikke skadet av slagene.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Stakk av frå kollisjon i Porsgrunn

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 16:52
Ein bil har stukke av etter å ha kollidert på Klyvevegen i Porsgrunn. Det var ein kvit eldre Toyota som har synlege skader etter kollisjonen i front. Ingen personar er skada, men det er kollisjonsskadar på sida på den andre bilen.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Kartlegg mobbing i Drangedal

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 16:47
Drangedal kommune vil ha ei uavhengig gransking for å kartlegge det psykososiale miljøet i skulen. Det kom fram på ein pressekonferanse om mobbesakene i Drangedal i dag. Kommunen beklagar til alle som har kjent eller kjenner seg mobba.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Måle tole motgang og medgang

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 16:04
Landslagsmålvakt Rune Almenning Jarstein meiner unge som vil satse på fotball må vere førebudd på å takle både motgang og medgang i karrieren. I dag var Jarstein på landslagsleir i Porsgrunn med G16 og G15-landslaget.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Må trene to gonger om dagen

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 15:46
Trenar for Team Telemark, Steinar Mundal, meiner fotballspelarane i eliteserien bør trene to gonger om dagen. Han skryt av Odd som ser ut til å ha ein god treningskultur samanlikna med andre klubbar, blant anna at dei måtte trene på 17. mai.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Kontrakt for ny riksveg 36

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 14:56
Statens vegvesen underskrive kontrakt med Hovden hytteservice om bygginga av ny riksveg 36 mellom Bø og Seljord. Kontraktsummen er på nesten 122 millioner kroner. Den nye 3 kilometer lange vegstrekninga blir opna i løpet av 2021.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Hansen ny statssekretær frå Frp

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 14:55
Karianne Hansen frå Frp i Skien er utnemnt til ny statssekretær for samfunn og sikringsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde. Hansen har vore politikar for Frp i Skien bystyre i tjue år, og har til dagleg jobb ved Sjukehuset Telemark.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Lastebil køyrde ned høgspentleidning

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 12:37
Det er nå stopp i togtrafikken mellom Skien og Porsgrunn. Årsaka er at ein lastebil har køyrt med høgspentleidningar på Borgestad i Skien. Det er ikkje meldt om personskade.
Kategoriar: Nytt i nærområdet

Populære alpinanlegg

NRK Østafjells - tys, 25/06/2019 - 11:15
Rauland skisenter og Gausta skisenter i Tinn er på topplista over de 15 alpinsentre som solgte flest heiskort i vinter. Rauland solgte heiskort for rett over 22 millioner kroner i sesongen 2018/2019, mens Gausta solgte for litt over 21 millioner.
Kategoriar: Nytt i nærområdet
Syndiker innhald